Mi magiske verdBeta-test

Eit livs- og samlespel på nynorsk for born på 10–11 år. Ho lagar sin eigen figur, innreier rommet, hjelper folka i Stjernedalen gjennom brev og småjobbar, og tener myntar ved å løyse rettskriving, grammatikk og matte. Myntane brukar ho i butikkane, med ekte valørar og vekslepengar. Etter kvart opnar stallen, med hestar å stelle, føl som veks opp, ridetur og ei forteljing i 20 kapittel.

Foreldremodus: Første gong spelet startar, vel ein vaksen ein firesifra PIN-kode. Den vesle låsen øvst til høgre på heimeskjermen opnar foreldremodus. Der vel du tema og nivå, legg inn vekas ord, ser kva barnet meistrar og slit med, godkjenner skrivne svar og kan gje gåver.

Lagring: Spelet blir lagra i nettlesaren på eininga det blir spelt på (localStorage). Det finst ingen konto og ingenting blir sendt nokon stad. Ein annan nettlesar eller eit anna nettbrett startar på nytt, og tømmer du nettlesardata, forsvinn lagringa. Under Foreldremodus → Data kan du ta ut ei lagringsfil og hente henne inn att.

Beta: Grafikken er ikkje ferdig, og nokre ting kan endre seg eller forsvinne mellom versjonar. Best i liggjande format på nettbrett.

Opna i eige vindauge ↗ (best på nettbrett)

Attende til AI